Årleg strikkefestival i Ulsteinvik

Følg oss på Facebook og Instagram.

Der legg vi etter kvart ut informasjon om programmet for festivalen i 2027!

Desse står bak Sunnmøre Strikkefestival:

Arrangementskomiteen: Frå venstre: Liv Randi Djupvik Knotten, Torill Haddal, Siv-Marit Røyset Kaldhol, Amalie Stette Olsen, Mona Voldsund og Linda Eikrem. Foto: Festivalfotograf Marte Skodjevåg Sundgot

Sunnmøre Strikkefestival vart arrangert for første gong i mars 2024.

Då samla festivalhelga fleire hundre besøkande på hotellet i Ulsteinvik.

I 2025 blei Sunnmøre Strikkefestival arrangert helga 14. – 16. mars.

Også denne gongen var Quality Hotel Ulstein arena for festivalen.

2026 vart festivalen arrangert 13.-15. mars- og igjen var hotellet i Ulsteinvik staden.

I 2027 vel vi oss april og helga 16.-18. april. Arbeidet med programmet er i full gang, så det er berre å følgje med!

Bak festivalen står ein gjeng garnglade damer frå Herøy, Ulstein og Hareid.

Målet med festivalen er å samle menneske som er glade i strikking og hekling til eit koseleg treff

med handarbeid, prat, kurs, mat og underhaldning – og ikkje minst shopping hos dei mange utstillarane.

Festivalkomiteen

Siv-Marit Kaldhol
Torill Haddal
Linda Eikrem
Amalie Stette Olsen
Liv-Randi Djupvik Knotten
Mona Voldsund